Grøn aften i Skaparverket den 25. november 2021

Lurer du på korleis du kan lukkast med grøne planter? Korleis du kan skape eit godt miljø gjennom å ta med naturen inn? Og kvifor planter har fått eit so voldsomt oppsving i dei siste åra?

Me ynskjer å invitere deg til ein uformell, herlig grøn aften den 25. november, kl. 19.00 i våre lokaler i Musègata 16A. Her vil forfatterane av bøkene Plantelykke og Plantebonanza, Anders Røyenberg  (@arcticgardenen) og Erik Schjerven være saman med oss.

Anders, med innspel frå Erik, vil halde eit foredrag om å «leve og innreie med grøne planter», kor dei mellom anna fortel deg korleis du kan lukkast med å stelle, ivareta og velge kva for planter som passer for deg. Det vil bli god anledning til å stille spørsmål og få deira beste plantetips, både undervegs og i etterkant.

I løpet av kvelden blir der og rikeleg anledning til å mingle rundt med andre planteentusiastar  og bli inspirert i dei ulike grøne roma og utstillingane. Sjølvsagt blir der litt å bite i, juleknask, gløgg og kaffi/te.  Du er med i trekning av 2 signerte bøker; Plantebonanza og Plantelykke, samt 1 plante frå Skaparverket.

 

Påmelding via denne linken:https://forms.gle/Y7YFvpJku6Muiohg6

Eller på mail: post@skaparverket.com.

 

Dette blir ein kveld fylt av planteglede og inspirasjon! Me gleder oss masse, og håper på å sjå deg her!

 

             

Foto: Inger Marie Grini