Om Skaparverket

Ynskjet vårt er at du skal lykkast med å skapa eit grønare innemiljø, både på jobben og i heimen. Samstundes vil me bidra med inspirasjon og kunnskap om dei ulike positive effektane eit grønare innemiljø skaper. Studier viser at planter har fleire helsebringande kvalitetar: nærvær av planter blir mellom anna knytta til mindre stress, auka yteevne, betre konsentrasjon og meir ro.

Skaparverket er ei levande oase av sanseinntrykk.Kom inn, pust ut og la deg inspirere

Vel innanfor finn du ulike miljø, på ulike nivå i lokala. Start med eit streif innom det «tropiske rommet». Passer dei ulike utstillingane og beveg deg opp i det lune møterommet. Derifrå er veien kort til det grønne arbeidsromet. Her landar du kanskje med ein kaffi, eller ein grøn te, medan du lar inntrykka sakte modnast. Og du, kanskje ein idé og to byrjar å ta form?

Kva kan me gjere for deg?

Synfaring
Har du lyst å skape eit grønare innemiljø? Inviter oss på ei synfaring, så kan me diskutere dine tankar og idéar på staden, og kome med våre råd, anbefalingar og forslag.

Idémøter
Alternativt kan me møtast i utstillingslokala våre, ta ei runde i dei ulike grøne miljøa. Her kan me sjå på kva som er mogeleg, for deretter å setje oss i lag og gå gjennom dine draumar og ynskjer. Ta gjerne med deg nokon bilete og teikningar, dersom du har det.

Planteforslag
Ynskjer du å realisere draumane dine, utarbeidar og visualiserar me gjerne ei komplett løysning som inneheld eit utval ulike planter, saman med eit tilhøyrande kostnadsoverslag.

Oppstart
Me kan stå for sjølve plantinga og sørge for ein god start med den rette blandinga av jord og anna tilbehøyr, som skaper eit godt grunnlag for vekst og trivsel.

Kurs og opplæring
Ynskjer du sjølv å gje plantene det stellet dei fortene har me ulike opplæringstilbod, frå plantinga er gjennomført, til du eller nokon i din næraste krets kjenner at mestringskjensla er på plass.

Planteservice
Vil du overlate stellet til oss, kan me tilby ein planteserviceavtale. Då kjem me innom med jevne mellomrom og ser til at plantene får det rette stellet. Er det planter som treng å skiftast ut, syrgjer me for det, kostnadsfritt, som ein del av avtalen.

TV Vest Rogaland på besøk

Gler oss til å høyre frå deg.