Kvifor har me det betre i det grøne?

Me menneske er frå tida sin morgon skapt for å være ein del av naturen, på jakt eller fiske, ute i det romslege opne landskapet, -samt ispedd litt tak over hovudet på nattetid.
For nærare 300 år sidan byrja me å skilje lag med alt det som var naturleg rundt oss, både i forhold til impulsar, bevegelse, sansar, og stimulans.
Me byrja å flytte innandørs.

I dag lever me 90% av tida vår skilt frå naturen, i ulike bustadar og bygningar, både på fritida og i arbeidstida. Dei fleste lokala me oppheld oss i, er i lita grad konstruert og utforma for å ivareta helsa vår eller våre nedarva menneskelege behov.
Resultata ser me rundt oss gjennom ein aukande grad av mentale og fysiske plager, trøttheit symptoma, allergiar, manglande stimulans, stress, og lågare trivsel og yteevne.
Mogelegheitene til å snu denne utviklinga er heldigvis til stades.
Oppskrifta ligg i å ta naturen og naturen sine element med oss inn, og skape meir levande og sunnare innandørs miljø.

Les meir om oss