Korleis innreie med grøne planter?

Velkomen til ein uformell temakveld der me gjev eksemplar på korleis grøne planter og ulike element frå naturen, kan skape eit meir levande og sunnare miljø innandørs.

- Kvifor skal me ha planter innandørs?
- Rommet sin funksjon og eigenskapar i forhold til bruk og lys forhold.
- Krukkestorleikar, utforming, vatning eller sjølvvatning?
- Kva er plantene sine behov for lys og skugge?
- Val av plantetype, kva type plante i kva rom?
- Val av plantestorleikar og komposisjonar.
- Setje planter i grupper, ulike storleikar og høgde.
- Bruk av planter og mose som interiør element, eksempelvis romdelarar, planteveggar, moseinstallasjonar og hengande planter m.m.

Tid: 16.03.2023 Kl.19.00 – 20.30.
Kurset er gratis.

Meld deg på her

Korleis lukkast med grøne planter?

Er du ein av dei som ynskjer å skape eit meir levande og sunnare miljø innandørs, men som kjenner at du har for liten kunnskap om val og stell av planter? Eller har du berre behov for å få litt påfyll? Uansett, på denne kvelden er me innom nokon av dei viktigaste områda for kva som skal til for å lykkast innanfor plantestell.

- Korleis er min kvardag i forhold til tid til stell av levande planter?
- Val av plantetyper i forhold til målet med beplantningen.
- Plassering av plantene i forhold til lys og skygge i ulike rom.
- Stell, vedlikehald og ompotting i forhold til årstider, vatning, gjødsling og jord.
- Skadedyr, førebygging og behandling.
- Nyttige hjelpemidlar som lysmålerapp, planteapp, vanningsapp, fuktmåler, og andre ulike redskap.
- Nokon tips for å lykkast med avleggjarar og stiklingar.

Tid: 02.03.2023 Kl. 19.00 – 20.30
Kurset er fullteikna.

Påmelding venteliste

Kvifor har me det betre i det grøne?

Ei uformell samling rundt temaet helse, miljø, velvære og trivsel.
I løpet av denne kvelden vil me leite etter, og forsøke å belyse alt det fantastiske som kan skje dersom me vågar å starte med oss sjølv, og invitere meir av naturen med oss inn.

Me menneske er frå tida sin morgon skapt for å være ein del av naturen, på jakt eller fiske, ute i det romslege opne landskapet, -samt ispedd litt tak over hovudet på nattetid.
For nærare 300 år sidan byrja me å skilje lag med alt det som var naturleg rundt oss, både i forhold til impulsar, bevegelse, sansar, og stimulans.
Me byrja å flytte innandørs.

I dag lever me 90% av tida vår skilt frå naturen, i ulike bustadar og bygningar, både på fritida og i arbeidstida. Dei fleste lokala me oppheld oss i, er i lita grad konstruert og utforma for å ivareta helsa vår eller våre nedarva menneskelege behov.
Resultata ser me rundt oss gjennom ein aukande grad av mentale og fysiske plager, trøttheit symptoma, allergiar, manglande stimulans, stress, og lågare trivsel og yteevne.
Mogelegheitene til å snu denne utviklinga er heldigvis til stades.
Oppskrifta ligg i å ta naturen og naturen sine element med oss inn, og skape meir levande og sunnare innandørs miljø.

Tid: 16.02.2023 Kl. 19.00 – 20.30.
Kurset er gratis.

Meld deg på her

Kurstilbod

Temaene vil være både på det overordna planet; kva eit grønt innemiljø gjere for helsa, trivselen og velværet vårt, samt det meir praktiske, korleis tar me vare på og lukkast med planter innandørs.

Me held også praktiske kurs, som til dømes korleis du kan bruke planter i ulike miljøer, bygge din eigen plantevegg, lage samanplantingar, eller skape dine eigne personlege planteoppheng.

Ta kontakt