Inntrykk frå årets inspirasjonstur til plantemessen IPM i Essen
"Den grøne møteplassen" kan me vel kalle den leiande plantemessa i Europa, som er i Essen i Tyskland kvart år. Her presenterer utstillarar frå heile verda sine innovative produkt og tenester innan planter/blomster, hage og teknologi. Veldig inspirerande!
For ein kreativ kveld!
Det mangla verken på innsats eller kreativitet med denne kjekke gjengen på førjulsamlinga den 23. november. Humøret var på topp, og det blei skapt mykje fint av planter, mose og ulike naturelement.
.
Nybegynnar Kurs i "Ompotting, stiklingar og avleggjarar"
For ein hyggelig kveld! Her er eit lite bildedryss frå kurset med tema "Ompotting, stiklingar og avleggjarar". Kjekt å bli kjent med dykk som kom og høre dykk dele eigne erfaringar.
Stavanger Aftenblad delte nyleg denne reportasjen med sine lesarar i BO magasinet
Ynskjer du å lese mer, følg denne linken:
https://www.aftenbladet.no/forbruker/i/eEBBqa/godt-for-helsen-med-mose-paa-veggen
Grøn Aften i Skaparverket - for ein kveld!
For ein herlig kveld!
Mykje planteglede og liv under den Grøne Aftenen me hadde torsdag 25. november!
Takk til alle som deltok og gjorde kvelden so bra. Og spesielt takk til Anders Røyneberg (@arcticgardener) og Erik Shjerven som delte mykje god kunnskap og erfaring.
Utrolig kjekt å ha dere på besøk!
Grøn aften i Skaparverket den 25. november 2021
Lurer du på korleis du kan lukkast med grøne planter? Korleis du kan skape eit godt miljø gjennom å ta med naturen inn? Og kvifor planter har fått eit so voldsomt oppsving i dei siste åra?
Me ynskjer å invitere deg til ein uformell, herlig grøn aften den 25. november, kl. 19.00 i våre lokaler i Musègata 16A. Her vil forfatterane av bøkene Plantelykke og Plantebonanza, Anders Røyenberg (@arcticgardenen) og Erik Schjerven være saman med oss.
Anders, med innspel frå Erik, vil halde eit foredrag om å «leve og innreie med grøne planter», kor dei mellom anna fortel deg korleis du kan lukkast med å stelle, ivareta og velge kva for planter som passer for deg. Det vil bli god anledning til å stille spørsmål og få deira beste plantetips, både undervegs og i etterkant.
I løpet av kvelden blir der og rikeleg anledning til å mingle rundt med andre planteentusiastar og bli inspirert i dei ulike grøne roma og utstillingane. Sjølvsagt blir der litt å bite i, juleknask, gløgg og kaffi/te. Du er med i trekning av 2 signerte bøker; Plantebonanza og Plantelykke, samt 1 plante frå Skaparverket.
Påmelding via denne linken:https://forms.gle/Y7YFvpJku6Muiohg6
Eller på mail: post@skaparverket.com.
Dette blir ein kveld fylt av planteglede og inspirasjon! Me gleder oss masse, og håper på å sjå deg her!
Foto: Inger Marie Grini
Makramèkurs
Mykje skaparglede og kreativitet under makramèkurset me hadde den 4. oktober!
Har du lyst å vere med på kurs saman med dine kollegaer/venner, ta kontakt med oss, så avtaler me eit tidspunkt.
Pionerånd og bærekraft hand i hand - Pioner 2020 blei ein suksess!
Utruleg kjekt at me fekk skape ei grøn ramme på scena for denne verdifulle konferansen som gjekk av stabelen på Forus den 14. oktober.
Stor deltaking, mange dyktige føredragshaldarar, og fleire gode samtalar ved Skaparverket sin stand i pausane.
BYAS på besøk hos Skaparverket
Aftenbladet sin journalist Ebba Schølberg Eiring tok turen innom oss i oktober. Resultatet blei ein flott omtale i BYAS.
https://www.byas.no/aktuelt/i/pALMVG/groennere-innemiljoe