BYAS på besøk hos Skaparverket

Aftenbladet sin journalist Ebba Schølberg Eiring tok turen innom oss i oktober. Resultatet blei ein flott omtale i BYAS.

 

https://www.byas.no/aktuelt/i/pALMVG/groennere-innemiljoe

 

 

 


Skaparverket er invitert til Pioner 2020, årets bærekraft konferanse

 

Utruleg kjekt å bli invitert til denne spennande årlege konferansen den 14. oktober, i regi av Næringsforeininga.

Arrangementet omhandlar pionerbedrifter og bærekraftige løysingar. Skaparverket vil bidra med grønt på scena, og ein stand som viser eksemplar på grøne innemiljø og deira betydning for eit sunnare og meir inspirerande arbeidsmiljø.

Me glede oss!

https://www.naeringsforeningen.no/moeter/pion%C3%A9r-2020/?utm_campaign=Arrangementer&utm_medium=email&_hsmi=96266738&_hsenc=p2ANqtz--E9e0qKtsPVwvRN1cQysFvWt_hUPWp6Nk3asAF5nD9u8JqpHzN4jLuyOaXg1O17U_AVGNDpgaDk67vvfYTfQ8HqwiRlg&utm_content=96266738&utm_source=hs_email


Hausttid er inneplantetid

No er tida inne til å pleie innelivet, og gjerne gjere det litt grønare rundt oss.

Vi både trivast betre, og yte betre innandørs når me omgjev oss med grøne planter.

Auk på med planter, men spør gjerne om råd dersom du er i tvil om kvar i rommet plantene bør stå, med tanke på lysmengde og temperatur.

Husk at no når me går inn i vinterhalvåret, treng plantene mindre vatten, og lite eller inga gjødning før til våren. Tenk også på kva du kan gjere med belysninga inne. Har du lamper med såkalla GU-10 pærer, kan disse med rett styrkevalg, på eksempelvis 4000 kelvin, gje plantene eit veldig godt lys. Nærmast ein dagslys liknande effekt.

Men ikkje gløym at også plantene, som oss, treng kvile på natta.


No er Skaparverket i gang!

Takk til deg som kom innom oss på opningsdagen  tysdag  7. juli. Det var både kjekt og inspirerande! No gler me oss til fortsettinga! I juli vil me ha ope fylgjande dagar; tirsdag, onsdag og torsdag frå kl 10.00 til kl 16.00 og ellers etter avtale.