Skaparverket åpner tirsdag 7. juli

Me held no på med innspurten til opninga innan midten av juli. Planteveggar er under montering, og over 100 gullranker er i desse dagar på veg opp i plantekassene frå Skogluft. I tillegg har me innramma mose i mange ulike former og storleikar. Desse produkta er norsk produsert, og kjem frå Norsk Mose & Design.

Eit utvalg av grøne planter, krukker og tilbehør vil du sjølvsagt og finne.

Me gler oss veldig til å ynskje deg velkommen inn til oss!

 


Ynskjer du ein grønare arbeidsplass?

Ynskjer du å skape ein triveligare og grønare atmosfære på arbeidsplassen din?
Me er gjerne med og hjelper deg. Uansett om du har ein butikk, ein restaurant, er i eit kontor landskap, eller jobber i det offentlege rom. Me kan være med å planlegge og utarbeide grøne løysningar med både planter i krukker, plante -og eller mosevegger.  Ei unik løysing som får fram det beste i lokalet, og som stemmer med det du ynskjer å stå for.


Lysare dagar

Har du lagt merke til korleis me livnar til når våren kjem ? Når det lysnar ute, og alt rundt oss byrjar å spire og gro?

Det gjere noko med oss å få være ute i naturen. Tenk om me kunne få ta litt av alt dette levande og grøne inn, slik at me kan ha det rundt oss - der me oppheld oss - året rundt!

Skaparverket vil være med å legge til rette for at du skal lykkast med dine grøne valg, enten om det er planter, planteveggar eller moseinstallasjonar.