Om Skaparverket

Ynskjet vårt er at du skal lykkast med å skapa eit grønare innemiljø, både på jobben og i heimen. Samstundes vil me bidra med inspirasjon og kunnskap om dei ulike positive effektane eit grønare innemiljø skaper. Studier viser at planter har fleire helsebringande kvalitetar. Nærvær av planter blir mellom anna knytta til mindre stress, auka yteevne, betre konsentrasjon og meir ro.

Kva kan me gjere for deg?

Synfaring

Har du lyst å skape eit grønare innemiljø med planteveggar og moseinstallasjonar? Inviter oss på ei synfaring, så kan me diskutere dine tankar og idéar på staden, og kome med våre råd, anbefalingar og forslag.

Løysingar

Ynskjer du å realisere draumane dine, utarbeidar og visualiserar me gjerne ei komplett løysning saman med eit tilhøyrande kostnadsoverslag.

Oppstart og opplæring

Me kan stå for både levering og montering. I tillegg kan me sørge for at du får ein god start på stell og vedlikehald av planteveggane til du sjølv kjennar at mestringskjensla er på plass.

Kontakt oss
Gler oss til å høyre frå deg!
Kontakt oss