Grøne innemiljø
Me oppheld oss meir innandørs enn me gjorde før. Mange har difor behov for å betre innemiljøet for auka trivsel, velvære, helse og livskvalitet. Kva med å ta med deg litt av naturen inn – mjuke opp omgjevelsane dine med planteveggar eller moseinstallasjonar?
Planter gjer innemiljøet friskare
Studier viser at grøne planter gjere både det psykiske og fysiske innemiljøet betre og sunnare. Undersøkelsane er basert på reaksjonane hos menneske som oppheld seg i rom med grøne planter samanlikna med rom utan planter.
Plante- og moseveggar gir mange muligheter
Om det er eit offentleg rom, eit kontorlandskap eller heimen din, alternativa er mange.
Levande planteveggar aukar trivselen.
Tenk deg kjensla av å få meir av naturen inn der me oppheld oss store delar av døgnet.
Vår samarbeidspartnar, Skogluft, har utvikla ei grøn planteløysing som gjev oss muligheit til akkurat det. Løysinga er bygd opp av modulbaserte plantekasser som kan setjast saman etter ynskje og behov. Desse kan du sjølv stelle med få anstrengelsar. Planteveggane treng kun vatten kvar tredje veke. Denne løysinga fungerer både i heimen, på arbeidsplassar, skuler og institusjonar.
Mose skapar gode miljøer.
Våre flotte moseprodukt er levert av vår samarbeidspartner, Norsk Mose & Design. Reinlav-mosen er handplukka i Rendalen, så preparerast den før den blir brukt til ulike ramma og uinnramma mosebilder.
Mosen har mange gode kvalitetar, og er med på å skape eit betre inneklima. Den både avgjer og tiltrekkjer seg fuktigheit, og ikkje minst betrar den akustikk, då den absorbere høge frekvensar i rom.
Du treng ikkje tenkje på vedlikehald når det gjeld mosen, den endrar seg ikkje, veks ikkje -ei heller endrar den form. Går derimot luftfuktigheita under 35%, kan mosen bli tørr, men vil bli mjuk igjen ved 35% og høgare.
Mosen er fri for giftstoffer, er allergivennleg samt branntesta for brannsikkerheit hos SINTEF med beste resultat, og har ISO sertifiseringane ISO 14000 / ISO 11952-2.
Det nyttast kun 100% naturlege og nedbrytbare materialer i produkta.